Medlemmsinfo 10/98

Publisert 14. oktober 1998 under Nyhende

Sidan siste informasjon har svært mykje skjedd. Vi hadde som planlagt stordugnad den 12te september, og fekk tømt båten for laust utstyr og ein del boss. Utgangspunktet var då at båten skulle til Hardanger før jul. Etter dette er kontrakten kome på plass, og båten er allereie levert til verftet i Hardanger. 

Dei tre vekene etter den 12te september vart derfor svært hektiske, med dugnad nesten kvar dag. Jobben vart gjort og 2de plass salong vart reven (tak og øvre del av skott). Skipskontrollen har også vært ombord for godkjenning. Stålet ser bra ut, men det står framleis att å få godkjent tanktoppar og kjettingkasse. Vidare vil ein gå over skroget for å måle tjukna, særleg der det tidlegare er dobla med sveiste plater. Dette vil først verte gjort når heile salongen er borte, dvs etter at det nye dekket er lagt.

 5te september gjekk båten til Norheimsund, og påfølgjande helg var 10 mann i Hardanger for dugnad. Presenning vart bygt og delar av det gamle dekket vart reve. Veka etter var Kjartan Tverranger, Torbjørn Aslaksen og Langøy igjen og reiv resten av dekket. Desse tre gjorde ein fantastisk jobb dei verkeleg fortener ros for. Stålet vart også prima, og teikningar av det som må skiftast av stål vart laga. Skjering av dette er allereie i gang, og det vert truleg sett på plass allereie neste helg, då eit nytt lag reiser til Norheimsund. Arbeidet med det nye dekket er allereie i gang, og skal etter planen være sluttført innan midten av januar.

 Ein stor jobb er gjort, men vi må nok forvente oss på mykje meir arbeid når båten er tilbake. Resten av salongen skal rivast, alt stål skal godkjennast og  manglar rettast opp. Kva dette vil innebere har vi enno ikkje oversikt over, det vil først bli klart etter rivinga. Til slutt skal salongen bygjast opp att slik den var. Korvidt vi kan regne med å klare alt dette på dugnad er usikkert. Pr i dag vil det muligens bli for stor belastning på dei få svært aktive, og vi må derfor utvide ”stammen” av aktive. Det som er heilt sikkert er at dette vil koste mykje pengar, både til materialer og arbeid vi lyt sette vekk. Vi tek derfor sikte på ein økonomisk dugnad for å skaffe 200.000,-, som synest nødvendig. Korleis dette skal skaffast er enno i det blå, men ei arbeidsgruppe på 3 personar (underteikna, Trond Økland og Stein Malkenes) startar arbeidet no. Dersom nokon har idear er vi svært takknemleg for innspel.