Medlemmsinfo 12/98

Publisert 14. desember 1998 under Nyhende

Vi er allereie langt ut i desember, og alle saknar vi vel båten. Arbeidet med fordekket er under sluttføring, og innan måndag skulle det meste være klart. Grunnen til at dette gjekk så raskt er forutan godt arbeid frå Fartøyvernsenteret si side det gode forarbeidet vi sjølve gjorde. Kanskje skulle vi henta båten heim før jul, men det kan sjå ut som om det kan verte løyvingar til å bygge opp at dei to lugarane på øvste dekk og postlugaren. Inntil vi får dette avklara, vil vi avvente retur. Det som er heilt sikkert er at siste dato for ankomst Florø blir 1 mars. Tida fram til mai må vi då ha skal vi ha ein sjanse til å bli ferdig. Resten av 2. plass salong skal rivast, og stålet inspiserast. Dette kan by på overraskingar, men så langt har det sett betre ut enn ein kune forvente.

Sponsorarbeidet er godt i gang, og vi vil legge opp eit  prosjekt mot 4 til 5 hovudsponsorar. Tanken er at desse skal gå inn med ein årleg fast sum til eit fond styrt av dei samme sponsorane saman med andelslaget og Atløys Venner. Lag og organisasjonar kan søke om pengar frå fondet for bruk til leige av Atløy. Dei må sjølve betale delar av kostnaden, mens resten vert dekka av fondet. På denne måten får sponsorane profilert seg to gonger; ved å støtte Atløy og samtidig ovanfor lag og organisasjonar som ynskjer å bruke båten. For vår eigen del vert gleda større, då vi rekk ut til fleire og meir aktivt kan formidle Atløy som den kystkulturbærar vi ønskjer den skal være. Innan midten av januar vil vi ha klart eit prospekt som vi vil presentere ovanfor mogelege sponsorar.

Vi har fortsatt ikkje funne eit godt lager for maskina vi kjøpte i fjor, og andre ting som ikkje treng lagrast ombord. Vi håper på ein landbase innan 2 år, men inntil dess er vi i beit. Svein Lin Hansen hadde nokre gode idear, og vil jobbe vidare med desse.

Også i år legg vi opp til julebord. I år, som i fjor, vil dette bli på Victoria Hotell. Hotellet har klart å få til ein spesielt god pris, og ønskjer velkommen til julebuffet for 250,- . Dagen er fredag 18de desember, og vi møtes i lobbyen klokka 19:00. Har du lyst å være med, så ta kontakt med Kjartan på telefon 5774 2417. Vær rask, vi har eit begrensa antall plassar. Siste frist for påmelding er 14.12.98.

Til slutt ei lita gladmelding. ABB i Førde har hatt generatoren til full overhaling, eit arbeid som normalt ville koste 25.000 kroner. Dette spanderer dei !!

 God Jul & Godt Nytt År !!!!