Medlemmsinfo 6/98

Publisert 30. juni 1998 under Nyhende

Ja, så er endeleg sesongen i gang, og skuta skin som aldri før. Det meste er gjort, men sjølv om Idar meiner vi er for flittige til å male, står det framleis litt småplukk att. Dei første turane er unnagjort, og bortsett frå litt kluss i kommunikasjon Vestkysten – underteikna og mannskap har alt gått bra. På grunn av ein kjempe dugnadsinnsats klarte vi å verte ferdig til 14de mai, og det var det ikkje mange som trudde når båten kom att i midten av mars.

Når det gjeld den av og til manglande informasjon, vil dette verte løyst ved at det alltid vil ligge ein perm i postlugaren, som alle kan sjå igjennom. I denne vil ein finne informasjon om felles turar, referat frå styremøte og årsmøte, instruksar for sal og oppgjer, instruksar for mannskap, oversikt over utleigde turar, mannskapslister og anna informasjon som kan være av interesse. Merk dykk spesielt mannskapslista, der er framleis mange ledige hol, også for dekksfolk. I tillegg til dette vil eg prøve å få ut ein info som denne ein gong i månaden til alle medlemmer.

Frå årsmøtet nemner eg kort det nye styret ; Sander Ødelien (formann, ikkje på val), Asle Espeseth (ikkje på val), Ludvik Sandvik (ikkje på val), Kjartan Tverranger (ikkje på val), Ludvik Grytten (attval), Stein Malkenes (ny) og Svein Lin Hansen (ny). Det nye styret har allereie konstituert seg, og referat skal finnast ombord. Det har til no vorte sett opp 2 felles turar ; helgetur til Jacob Sande-festivalen i Fjaler og dagstur til Buelandet 28de juni). Vidare er ein samde om å nytte båten til felles tur på St. Hansafta dersom vi ikkje får utleige. Informasjon om dette finnast i infopermen ombord. Hugs påmelding.

Vi minner også om at vi fortset med samlingar ombord kvar mandags kveld. Framover er dette eit fint høve til å arbeide, men også ta ein kaffi, og kanskje vaflar frå Svein når været innbyr til det. Vi må også belage oss på å tømme kanalen for vårt utstyr, men det er mogeleg vi kan få nokre månader ekstra inntil arbeidet med ny landbase er ferdig. For tida held kommunen på med å bearbeide dei noverande eigarane, og det vert spennande å sjå om dette lykkast. Kommunen ser svær positiv på forslaget, og dette vil være viktig ikkje minst når vi skal finansiere eit storprosjekt som dette blir.

 God Sommar ! ! ! !