M/S «Sognefjord»

Publisert 14. desember 2009 under Nyhende

Vi har motteke ein mail frå ein kjenning av gamle M/S  «Sognefjord». Ho er opptatt av gamle båtar og lokalhistorie og  ønsker å informere om den gamle båten «sin» ; ho skriv mellom anna;

Frå båtdekk
Frå båtdekk

….Det var andre eg tenkte på som kunne lika å få greie på at ho er i god behald, dei som kanskje la grunnlaget for at vi har henne enno.. mannskapet frå den gong ho heitte Sognefjord. Ho tjente trufast i 32 år nesten utan uhell, det må ha vore godt sjømannskap både frå båtførar og mannskap.! Ikkje nok med at ho no er restaurert, men det er gjort av ein som har både kunnskap om og hjarte for korleis ein best tek seg av veteranskip.!
 
…Det må vera veteranar frå den besetningen som ville lika å høyra at ho er i god behald……Om dei ikkje har halde seg oppdatert sjølv da, men gode nyhende toler da vel å bli repeterte..?

Det var som sagt eit svært godt arbeidsmiljø om bord, der alle gleda seg til å gå på jobb kvar dag. Trur det var svært leit for dei da skipet vart seld ut, dei kunne ikkje den gong vita om dei såg meir til ho.. eller korleis det gjekk. Meinar at nokre av mannskapet er her frå fylket, og nokre av offiserane?

I boka «101 Fjordabåtar» (M H Torvanger/ Selja Forlag)er det bla eit bilete teke under siste turen, då er namna med. Som skipsførar Knut Stavøstrand seier i boka er dette eit heilt spesielt skip, eit skip med stil og sjarm; kan ein leggja til- noko noverande eigar har teke godt vare på.

Trur som nemnd at salet av denne juvelen kan ha utløyst den gode trenden vi har no med å ta vare på veteranskip, det må ha vore ein vekkjar..! Hadde det vore vanleg å ta vare på veteranskip den gong ho vart seld av FSF, ville ho garantert vorte snappa opp rimeleg kjapt..!!
 
Skipet kom i trafikk i 1950, og har uansett jubileum neste år. Ein sprek jubilant, med andre ord!

Info finn de på skipet si heimeside: www.orientexplorer.com  OG www.picasaweb.google.ca/sensiborneo/OrientExplorer  Sjå og diskusjonsforumet www.captainsvoyager.com , der er det masse info og bilete. På www.sensiborneo.com er det info om skipet, innreiing og linkar til anna info. I e-post frå eit norsk reisebyrå som opererer i Malaysia, fekk eg opplyst at ein kan bestilla turar med skipet. Ho går mellom Malaysia og Sabah/ Borneo. Blant dei som har reist med henne siste åra, er folk som tidlegare har vore mannskap om bord. Inkludert nokre som var mannskap der før ho vart seld til Noreg om ombygd til passasjerskip..!
 

Siste slipping i MalaysiaSiste slipping i Malaysia

Det siste som har vore sagt om skipet i media her, er -stort sett- at ho vart seld i 1997.Historien vidare har det vore lite om, intil  nyleg da det heldigvis har vorte meir merksemd.

Som de ser av dei mange bileta, er ho teken godt vare på av noverande eigar. Det er ein nederlender som eig ho, og skipet er registrert i Rotterdam. Men det velkjende FSF-flagget er godt synleg framme på bauen, og på bakdekket er bokstavane «Sognefjord»  synlege over det noverande namnet «Orient Explorer». Sjølve skipet er restaurert slik ho må ha vore i glansdagane på 50- talet, du kjenner fort att det gamle interiøret – no i oppussa utgåve. Til og med maskinene om bord er dei same GM- gigantane som har vore sidan ho vart bygd i `43, so brua om bord er eit syn for auga..!!
 
Eg var om bord i Atløy sist båten var her i kommunen, og fekk teke bilete og kjøpt bøker om båten. Det er ein heilt anna stil over dei eldre fartya, det vert ikkje bygd slike no lengre.

Med helsing:
Eli K Hamre.