M/S Stangfjord

Publisert 30. mars 2009 under Nyhende

stangfjord2Det var samla 20 personar i Grendahuset i Stongfjorden i går søndag for informasjonsmøte om M/S Stangfjord. Atløys Venner stilte med 2 for å fortelle litt om vår drift og organisering. Ove Losnegård fortelde om M/S Stangfjord frå båten vart bygd og fram til i dag. Ordføraren i Askvoll saman med kulturkonsulenten var møtt fram for å fortelje om Askvoll kommune si rolle i restaureringsarbeidet.

Båten står no på land hos HFS, etter 12-13 år på land på Jensbua. Planen er å starte arbeidet i august, så snart Tysso er kommen ut av hallen. Etter planen vil Stangfjord komme attende til Stongfjorden i 2011-2012, og vil fram til dess være i Askvoll Kommune sitt eige. Allereie no ønsker dei at det vert tatt initiativ til ei stifting som kan eige og drive båten etter at den er ferdig.

stangfjordEin ha nor 1,4 mill på bok og totalt er det behov for Ca. Kr.5 000 000.- . Både Riksantikvar og fylke ser ut til å blli med på laget, og løyving i år frå Riksantikvaren er ikkje med i summen. Vi ynkjer dei lykke til!