Nordsteam 2000

Publisert 8. august 2000 under Nyhende

nordsteam3Atløy er akkurat tilbake frå Nordsteam, eit fantastisk arrangement. Frå innkomsten på Vågen med svarte kaier i folk både på Bryggesida og Nordnes til avslutningsmiddagen i Håkonshallen lørdag var dette verkeleg ei oppleving.

For dei fleste av oss var det stort å bli klappa inn Vågen av 50-60.000 frammøte tilskodarar. Det var ikkje mange auge som var tørre om bord då. Dagane gjekk elles med til besøk på dei andre fartøya, ein del småturar og omvising om bord. Kaiene var konstant fulle i folk, og somme tider måtte vi sette ut gangvakt for ikkje å sleppe om bord for mykje folk.

Faktisk verka det som om det var større interesse for Atløy enn for ein del av dei båtane som normalt høyrer til i Bergen. Over alle raga sjølvsagt gamle D/S Oster som kom inn Vågen for eiga maskin. Optimismen dei har er utan like, og dei har no kome så langt at båten ser ut slik den gjorde då den gjekk ut av rute. Vi gratulerer !!!   

Sjå også bilete frå festivalen her