Ny autopilot

Publisert 1. april 2000 under Nyhende

Salget for sommaren har som kjent gått svært bra, og det vert mykje langkøyring. Det er derfor eit krav frå kapteinane at vi vert betre utstyrt for slik langfart.

Styret beslutta derfor å gå til innkjøp av autopilot. Denne vert montert slik at den berre i liten grad blir synlig i styrehuset, noko som er eit poeng. Det vil også bli enkelt å fjerne den. Sigurd Solberg AS har levert autopiloten og vil bistå med monteringa. Den nye trikkaren vår, Trygve strømmen, er i full gang med å trekke kablar og montere , slik at alt skal være klart før sesongen.

Vi takkar samtidig Sigurd Solberg AS for god pris og god service i forbindelse med denne investeringa.