Ny hjelpemotor

Publisert 3. april 2000 under Nyhende

Maskinsjef Ludvig Sandvik og Leif Kvalvik har den siste tida plukka ned Leyland hjelpemotor som vi visste trengte ein service. Motoren vart heilt nedplukka, og har vært i Bergen for måling og sjekk. Dessverre viser det seg at den ikkje kan reddast, først og fremst på grunn av at det er vanskelig å finne deler.

Vi har derfor vært på utkikk etter ein ny/brukt motor den siste tida, og sette ramma til 50.000. Hos Sabben i Bergen fekk vi treff, og fekk tilbod om ein 60 hester Iveco marinisert av Sabb for berre 40.000. Motoren er berre gått ca 500 timar, og har ny dieselpumpe. Den eignar seg bra til bruken, og Sabb har endå til tatt på seg å demontere gir og montere rett kopling til generator gratis. Vi får også 2 års ”nygaranti”. Det har derfor vært liten tvil om at dette var rett motor for oss, og etter at Leifen var i Bergen fredag for sjekk beslutta vi å kjøpe. Motoren vil bli levert om ei vekes tid.

Vi er svært takksame for den servicen og positive haldninga vi er blitt øt me frå Sabb i Bergen!