ONS 2000

Publisert 27. august 2000 under Nyhende

ons2000Ei samla oljenæring frå Florø ville i år lage ein ny vri på deltakinga si på oljemessa   og leigde inn MS Atløy til føremålet.

4 heile dagar låg vi til kai sentralt i Stavanger, og fungerte som representasjonsskip for dei firma som deltok i opplegget. Bistro 2 Kokker sytte for framifrå mat basert på råvarer frå distriktet, og Viktoria Hotell tok seg av fluidumet. Det seier seg sjølv at dette vart noko anna enn eit skarve plastpalass med flybridge.

Kundane hadde fine dagar ombord g kunne traktere sine gjester på ein framifrå måte. Dei (og vi) fekk også svært god presse på opplegget. Faktisk var dei så fornøgde at dei reserverte Atløy for neste oljemesse, som går av stabelen om 2 år.