Originale dekkstolar tilbake

Publisert 4. juni 2000 under Nyhende

For ei tid sidan fekk vi telefon frå Bergen. Vedkommande som ringde måtte medgje at han på 50 talet hadde forsynt seg med diverse dekkstolar frå Fylkesbaatane sine båtar. Han meinte at det no var på tide å gjere opp for seg, og ynskte difor å sende stolane i retur. Då M/S Atløy er den eldste av FSF sine gamle båtar som fortsatt er i drift, meinte han det var naturlig at vi fekk stolane. Ein del av stolane var dessutan merkte Atløy, og har heilt sikkert høyrt til om bord.

Vi har no mottatt stolane som er i varierande forfatning. Då vi er midt i sesongen, kan vi dessverre ikkje starte med oppussing enno, -det lyt vente til hausten. Inntil dess har Miljøhuset sagt seg villig til å lagre dei. Neste sesong vil stolane være klar for bruk.