På heimveg

Publisert 29. januar 2010 under Nyhende

Silkeføre midtvinters, foto Gerhard Bakke

Silkeføre midtvinters, foto Gerhard Bakke

Då var Atløy endeleg på heimveg frå Jensaneset. Bildet under er frå tidlegare i dag, og det er tydelig at det ikkje var ei hard ferd. Innkomst til Bergen var omlag 1300, og turen går vdare anten i morgon laurdag eller på søndag. Ombord er Sølve, Ludvik og Leif. Med til Bergen var Gehard frå verftet på Jensaneset. Om det er venner som ønsker å delta på turen nordover kan dei gjerne det, men avtal med Leif på 412 52 909 på føreand.

Til kais i Bergen, skur?; foto Gerhard BakkeTil kais i Bergen, skur?; foto Gerhard Bakke

Som ein ser er teltet framleis på, men det er ingen problem så lenge det ikkje er vind å snakke om. Heller ikkje nattkøyring er noko særleg med den store kvite flata.

Folk i Florø får halde kaffien varm, og ta seg ein tur ombord når skuta klappar til kai i løpet av helga.