På seminar

Publisert 25. februar 2003 under Nyhende

For oss som aldri vert leie av å prata båt og motor og studere gamle båtar, var dette svært innhaldsrike dagar, seier, seier Florø-trioen som sist helg var på fjordabåtseminar ved Hardangar Fartøyvernsenter.

Ragnar, Harald og Leif i NorheimsundBÅTVENER: Mykje interessant på fjordabåtseminaret i Norheimsund, seier utsendingar frå ”Atløys Venner”, Harald Årebot, Ragnar Kristiansen og Leif Kvalvik. (Foto: Steinar Hystad)

Det var fagfolket på den unike verkstaden som skifta dekket på ”Atløy” som heldt kurset.  

Den praktiske delen av det aller første seminaret for veteranbåtentusiastane i Hordaland og Sogn var nett å læra seg kunsten å driva eit dekk. Å tetta mellom planken med tjøra hamp er eitt av mange handverk fartøyvernsenteret held i hevd.
– Dei gjer skikkeleg godt arbeid på verven her, nyedekket på ”Altøy” vart flott, seier Leif Kvalvik.

Sjølv er han fødd og oppvaksen i Ålvik, industristaden nokre mil lenger inne i Hardangerfjorden. Kona kjem frå Hovland i Sørfjorden. Der var svigerfaren ekspeditør, og det hende rett som det var at svigersonen måtte ekspedere ”Granvin” som i heile sin karriere for HSD trafikkerte mellom fruktgrendene i Hardanger.
– Han har mykje til felles med ”Atløy”, begge er bygde for 71 år sidan i Bergen, den eine hjå Mjellem og Karlsen, den andre ved Bergens mek. Takka vera typar som oss med sterk nestekjærleik til veteranane er både ”Atløy” og Granvin” i dag gamlingar i topptrim med fullt sommarprogram. Takk også til Riksantikvaren for økonomisk støtte til dei mest omfattande reparasjonane, seier Florø-trioen.

Riksantikvaren hadde utsending til seminaret, det same hadde Hordaland fylkeskommune som gjennom kulturavdelinga har engasjert seg sterkt i vern av flytande kulturminne. ”Skånevik”, ei av dei første standard riksvegferjene, er no på full fart inn i flåten av verna skuter med lang fartstid i vestnorske fjordarmar. Truleg får ho base i Salhus, i det einaste freda ferjestøet i landet.

Dei godt 40 fjordabåt-delegatane hadde også ein heil del teori på seminarprogrammet. Spørsmål kring drift og det å etterkoma nye tryggleikskrav vart drøfta. Det vart gjeve tips om korleis historia båtane representerer kan gjerast endå meir levande – og ikkje minst viktig – korleis ein skal gå fram for å halde hundre prosent på det antikvariske vernet.
– Målet må vera å visa fram ei ekte vare og då nyttar det ikkje med lettvinte løysingar. Det kan lett resultera i ”bastardar”. I den samanhengen er det godt å kunna ty til treekspertisen her på senteret, og den tekniske kunnskap hjå veteranspesialistane ved verfta i Dåfjord på Stord og i Mastrevik, seier Harald Kvinge, initiativtakar til samlinga og leiar i Veteranskipslaget Fjordabåten.

For Firdaposten, Steinar Hystad