Planlegging neste sesong

Publisert 9. oktober 2000 under Nyhende

Allereie no er vi begynt å planlegge neste sesong. Det som allereie er klart er at vi vil ta 14 dagar i Bergen i byrjinga av juni. For mai er det allereie booka turar, og det er best å booke tidlig for å være sikker.

Tilliks med Granvin er Atløy neste år 70 år, noko som skal feirast og markerast for alt det er verdt. Vi planlegg derfor ein fellestur frå Bergen ca 7 juli, til Skjærjehavn, Florø, Silda og Forbundet Kysten sitt landstemne i Bud 12te til 15de juli. Etter dette vil vi returnere via Ålesund for å ta i mot Cutty Sark Tall Ships Race. Denne turen vil være open for alle, så her er det berre å fjølge med. Det er mulig det vert lagt opp til konvoi med fleire deltakande båtar bl.a. Stabben og den nye «Nupegavlen». Forbundet Kysten er også førespurt, og det kan hende dette vert ein kjempehit.