Presening montert

Publisert 23. januar 2003 under Nyhende

Frå Firdaposten;

Ragnar Kristiansen er ein  av eldsjelene som nestan dagleg tek i eit tak for å  halde ved like og oppgradere den best bevarte veteranbåten i landet, som den vart kåra til av Forbundet Kysten i fjor sommar.

atloy3-vedlikehold-fp-2003

–Det er mykje som skal gjerast før båten er klar for sommarsesongen. No skiftar vi heile røyrgata i maskina, det er jo litt av eit arbeid. Når vi er ferdige med det, vil det vere varmt og kaldt vatn i alle vaskane om bord. Så pussar vi opp alle toaletta, legg nye fliser på dørken og målar veggene. Lasterom og proviantrom treng òg eit strøk måling, seier Kristiansen.

Båtentusiastane skal òg drive, eller ratere, dekk og styrehustak, og dei skal fjerne rust fleire stader. I tillegg held dei på å montere på plass toalett framme på dekk. I dei dagar då båten gjekk i rutetrafikk, var det eit eige toalett for 2. klasse der, og det er dette dei no vil ha i funksjon att.

Ein pause i arbeidet. Kjartan, Rolf, Johan og Leif.Ein pause i arbeidet. Kjartan, Rolf, Johan og Leif.

– Sjølve huset på dekk har stått tomt sidan 80-talet, men no vil det snart vere klart for bruk igjen, fortel Kristiansen. 

Ei sak som har letta arbeidet til Atløys Venner, er presenningen som no er komen på plass og fungerer som eit telt over heile båten.

presenning-23-01-03-2646

Den er spesialdesigna av eit firma i Hordaland, og arbeidarane om bord har sjølve bygd rammeverk og montert den.

– Det tok oss litt over to veker å få heile presenningen på plass. Vi reiste inn til produksjonsfirmaet med ”Atløy”, slik at dei fekk tatt mål og slikt, og alt i alt med planlegginga og den turen, så har vel arbeidet teke oss eit par månader.

Men dette er noko som vi får veldig mykje igjen for å ha gjort. Til neste vår og sommar vil det verte betydeleg mindre vedlikehald, sidan båten kan stå under presenning heile hausten og vinteren. Det vil nesten ikkje verte nokon slitasje på båten i det heile, seier Kristiansen.

  Arbeidsmiljøet på ”Atløy” er blitt mykje betre etter at teltet kom på plass.

– Det er veldig lunt og godt å arbeide om bord no. Båten og målinga tørkar mykje fortare enn før, så vi kan vaske og måle når det passar oss – og ikkje berre når det er vêr til det. Det vert også mindre støvføyk av pussing og sliping. Det beste er jo at vi kan arbeide sjølv om det snør eller haglar, seier han. 

Linda Regina Bruvik 57 75 73 06