Rustbeskytting av 2de klasse salong

Publisert 2. april 2000 under Nyhende

Etter at salongen framme på 2de klasse vart riven, har det vært behov for  rustbeskytting og maling av både skutesider og dørkar/botn. No etter at alle rør og koplingar er på plass har Vestblås i Florø (som er proff på dette) gjort ein kjempejobb med først å rustbehandle/grunne, og sidan malt skutesidene med Intertuff. Resultatet er svært bra.

Malinga er frå før gitt av Internasjonal, slik at dette har blitt ein svært så overkommelig operasjon reint økonomisk. Vi rettar derfor stor takk til begge, og særlig til Vestblås Florø for god støtte.