Søknad Riksantikvaren

Publisert 19. desember 2001 under Nyhende

Andeslaget Atløy hadde sitt siste møte før jul tysdag 18/12. Viktigaste sak på møtet var gjennomgang og diskusjon om søknad til midlar frå Riksantikvaren til neste år.

For å sikre at den pågåande restaureringa av Atløy vert fullført på ein tilfredsstillande måte, søker A/L  Atløy Riksantikvaren om ca. kr. 350 000 for året 2002. Bruken av midlane er skissert under.

  • Fullføre restaureringa av inventar i framskipet. Lage nye sete- og benkerammer i 2.plass salongen, stoppe og kle disse med brunt skinn. Sy avlange puter i skinn. Stoppe og trekke benk i maskinistlugar med grå plysj. Pris rammeverk er henta frå Hardanger Fartøyvernesenter og skinn/plysj, fjærer, filt, stopping, etc. frå Thune Møbeltapetsering. Totalt vert det søkt om kr. 183 141.
  • I 1 pl røykesalong var det så lenge båten var i drift salongar i skinn. Desse vart på 80 talet sydd opp med plysj. Dette trekket er no på det næraste utslite, og det er behov for nytt. Her var det originalt ikkje fjører, men trekk over madrassar/puter. Prisoverslag er ikkje innhenta, men avtydinga er ca kr. 90.000,- 
  • I fôrskipet manglar framleis riktige leselamper. Det vert søkt om ein sum til dette.
  • Under trappa frå byssa til brua var det før eit matskap. Dette vil ein prøve å få bygd opp att etter gamle teikningar. Også her vert det søkt om midlar.
  • «Atløy » hadde ope rekke på framdekket i heile si tid som rutebåt. Det var ope rekke akter til slutten av 1950-åra. «Atløy» vert no ført til bake slik den var i 1952. Dette får som konsekvens at rekkene for og akter igjen vert opne. Det må smiast nye septer til desse opne rekkene. Akter står anna kvart septer heilt opp under båtdekket. Dei korte septera er støypte, mens dei lange er smidde. Pris er innhenta frå smie på Torvund ved Lavik. Prisoverslaget gjev ein søknadssum på kr. 54 450. 
  • For masta vert det søkt om midlar til ny mastetopp, då den gamle etterkvart må skiftast ut.

Riksantikvaren har lenge vore ein aktiv støttespelar, og det er håp om at dei også i framtida spelar på lag med det aktive miljøet rundt Atløy. Aktiviteten er vår største styrke, og det å kunne vise til eit så høgt aktivitetsnivå som vi har, er ein klar fordel.

Innan rimelig tid vil vi måtte ta fatt på akterskipet. Randplanken i gangane skjuler ein del rust, og skal ein komme til for ein skikkelig jobb her er det nødvendig å rive garnering og himling. Skroget er sjekka på verkstad, og ein kan ikkje finne manglar ved dette. Vi bør likevel forberede ein storjobb, både økonomisk og «mentalt».