Samarbeidsavtale med Vestkysten Reiseliv

Publisert 24. mars 2000 under Nyhende

Atløys Venner har no kome til einegeit med Vestkysten Reiseliv om ein ny samarbeidsavtale om sal og marknadsføring av Atløy. Denne avtalen regulerer forholdet oss i mellom, prisar, fakturering og plikter for dei to partane. Avtalen trådde i kraft 01/03/00, og gjeld ut året. Vestkysten Reiseliv har opsjon på forlenging av avtalen.

Vi i Atløys Venner er svært glade for denne avtalen, då vi trur Vestkysten vil være det rette organet for marknadsføring av båten. Vestkysten organiserer reiselivet i kommunane Naustdal, Flora og Bremanger og har kontor i Florø. Dei vil m.a. marknadsføre Atløy på messer og ovanfor næringslivet. Vestkysten er og forplikta til å opparbeide ein base over kundar.

I praksis medfører avtalen at Atløys Venner ikkje aktivt vil gå ut å selge båten. Vi vil framleis kunne organisere turar på førespurnad, men Vestkysten skal ta seg av den aktive marknadsføringa. Prisane vil være dei same uansett om ein leiger direkte eller frå Vestkysten. Atløys Venner kan avvike avtalt i spesielle høve der dette har med kystkultur og kulturformidling å gjere.