Sesongavslutning Skjerjehamn

Publisert 25. september 2000 under Nyhende

Vi har hatt ein lang og god sesong, og for å gjere litt stas på oss sjølve takka vi ja til invitasjonen frå Granvin om å delta på sesongavslutning på Skjærjehamn. Skjærjehamn var for nokre tiår sidan faktisk FSF sin travlaste ekspedisjon etter Bergen, og båtar nordfrå og sørfrå møttest her for utveksling av gods og passasjerar. Dette er derfor ein naturlig plass å møtest.

 Sjølve Skjærjehamn er ein fantastisk godt bevart stad, og det følast som om tida har stått stille sidan 50 åra. Staden er i dag egd av 2 enker frå Bergen (?) og det ser ut til at dei klarar vedlikehaldet framifrå. Forutan det gamle hotellet finnest her postkontor (sjølvsagt nedlagt), butikk, slipp og ei stor bu. Tidleg på 1900 talet fanst her og ein motorfabrikk.

 Etter planen møtte vi Granvin fredagskvelden og gjekk saman til kai og la oss side ved side. Totalt hadde Atløy ca 25 påmelde, men vi vart tilslutt 12. Granvin var fleir og det vart ein lystig gjeng. Laurdag gjekk vi saman til Eivindvik i strålande vær. Etter nokre timar her returnerte vi for krabbekoking og forberedning til det store krabbebordet. Granvin heldt krabber, og vi fekk ferske reker levert med Sjøgutt heilt frå Måløy !!! På ettermiddagen kom M/K Arnefjord frå Vik. Dette er ein gamal lensmans/skyss/reisande båt som er i privat eige. Festen var bra, så søndagen vart deretter.

Vi håpar at dette vert ein tradisjon, og at vi ser D/S Oster i Skjærjehamn innan eit par år. Deretter kjem vel D/S Stord, og vonleg også D/S Stavenes med tida.