Snart på heimveg

Publisert 19. januar 2010 under Nyhende
ferdig-beka-2Bekinga ferdig. Bilde frå stmb.no

Då er driving og beking i gangane ferdig. Også på båtdekk er det drive opp att og beka nokre stader, og rundt luka framme på dekk. For andre ting som er gjort…sjekk forrige nyhende.

Leif og Ludvik er no nede og skrapar bek. Dei er ferdige i gangane, og held på på båtdekket. Varmekanonar vert brukt for å få tørk på beket, og om det tørkar som forventa vert det heimtur i neste veke.

Ludvik skrapar bek!Ludvik skrapar bek! Bilde frå stmb.no