Snart vinter

Publisert 12. oktober 2010 under Nyhende

Idar, Ludvig, Kjartan, Leif og Johannes har brukt dei siste par dagane til stativet og vinterpreseninga. Både akter og på styrehuset er preseninga no komen på, og i morgon onsdag kjem preseninga framme på….då vert det vinter i Florø.

presening-pa-haust-092

Planen er å gå til Bergen onsdag i neste veke, deretter til Steinar Andersen og Dåfjorden Slipp på fredag eller laurdag. Med det same ein kjem ned vil ein starte med å demontere og flytte hjelpemotoren fram i lasterommet. Skottet må ned, og stikkebenken, kjølarar og verktøy må også av vegen. Dette arbebidet vert gjort på dugnad. Så snart ein kjem opp på slippen skal plategangen i overkant botn/skuteside mellom maskinromskotta skiftast.

ekarNett no ligg MS Ekar på slippen. Dette er opprinnelig ein loggar (seglande fiskefartøy) frå Holland bygd i 1915. Denne båten gjekk 50 år i fraktefart på vestlandskysten, og har sidan 2005 høyrt heime i Haugesund. I 2009 skifta og klinka dei platene på SB sida av båten, i år skal dei skifte andre sida. Arbeidet er mykje likt det som skal gjerast på MS Atløy, sjølv om utgangspunktet nok er mykje betre hos oss.

I Dåfjorden er det spanande å være, og mange båtar ventar på pengar og arbeid der. For tida ligg MS Ekar, DS Stavenes, MF Folgefonn og MS Tysnes ved kai, og utover vinteren kjem det nok fleire til. Har du lyst på ein tur å ta del i arbeidet, er det sjølvsagt velkomment. Det vil stort sett være folk ombord, men ring gjerne Leif på 412 52 909 på førehand for å sjekke kven som er ombord.