Utvida slipping

Publisert 12. oktober 2000 under Nyhende

Atløy har dei siste to vekene vært på Halleraker Mekaniske Verkstad i Melandsvågen på Bømlo for å skifte ein del stål i fôrskipet og legge på eit par doblingar akter. Under kontroll i fjor synte det seg at mykje stål rundt ventilar var dårleg. Dette vart skifta før sesongen utan at ventilane vart sett i att. Desse vart skifta før avreise til Halleraker.  Når vi først skulle på land på denne verkstaden skulle vi også ta akseltrekk.

Under dette arbeidet synte det seg at vi laut skifte to rullelager og ein pakkboks. Arbeidet går seint då akslingen er montert vanskelig. Vi vil derfor verte nesten 2 veker for sein ut frå slipp i forhold til det som var planlagt. Dette kostar sjølvsagt meir pengar enn forventa, og vi arbeider no for å løyse også dette problemet.