Vellukka tur til Balejazz

Publisert 12. mai 2009 under Nyhende

Balejazz og dans?Etter tur Selja – Sandane torsdag med skule-elevar og lokal blåtur fredag i Florø bar turen fredags kveld til Balestrand og Balejazz i eit «heise» vær med «ein god gammaldags kuling» over Stavfjorden. Mannskap var Rolf, Ludvig, Leif og Jeltje. Kundar var ein lokal lakse-eksportør og deira tyske kunde som kom ombord på Hella laurdag.

Tyskarane representerte ein europeisk supermarkknadskjede med omlag 12.000 butikkar, 290.000 tilsette og ei omsetning på omlag 400 mrd NOK. Laurdag var det landligge og Balejazz, og grytidlig søndag gjekk turen til Solund og forskjellige oppdrettsanlegg. Sjølv om været var dårleg og magane rumla over Lågøyfjorden, var kundane svært godt nøgde med turen og servicen ombord. Jeltje er absolutt medansvarleg for dette!