Videokveld 20/11

Publisert 9. november 2000 under Nyhende

Etter førre styremøte hadde vi ei lita framsyning av videoen ”Dar kjem Dampen”. Dette skjedde fort, og ikkje mange fekk vite om kvelden. Vi satsar difor på nytt arrangement 20/11 frå ca 2100 på Hjørnevikbua.  

Dampskipet Oster vart bygd i 1908 for Indre Nordhordaland Dampskipslag. Fram til 1964 gjekk ho i fast rute langs Oster- og Sørfjorden. Ho kom seg gjennom to krigar, og då ho gjekk ut av rute i 1964 var ho den siste kolfyrte skuta som fortsatt gjekk i rute. Etter dette gjekk ho som frakteskip til fram på 90 talet under namnet VAKA: Deretter gjekk ho i opplagg for godt og var klar for opphogging.  

Men den gang ei. Ein gjeng entusiastar bestemte seg for å restaurerer den, og hadde som mål å ha klar båten utvendig til opninga av Nordsteam stemnet 3 august 2000. Dette klarte dei med naud og neppe. Filmen følgjer mannskap, dugnadsgjeng og passasjerar på jubelturen frå Salhus til Bergen/Vågn 3de august. Atløy var også med på dette stemnet, og fekk oppleve 50-60.000 klappande menneske på veg inn Vågen.  

Her er autentiske klipp frå då ho fortsatt gjekk i rute, billete frå arbeidet o.s.v. D/S OSTER var også bakgrunnen for landeplaga «Dar kjem Dampen» med Ivar Medaas. Songen vart eit symbol på ei tid som var over, då folk hadde betre tid og sjøreisa vart eit mål i seg sjølv. Ivar Medaas tar også del i filmen.