Vulcanus Taubåtkompani

Publisert 24. november 2009 under Nyhende
Frå styrehuset slik det ser ut i dagFrå styrehuset slik det ser ut i dag

Då ser det ut til at «det går vegen» for gjengen som for litt sidan tok initiativ til å redde MS Vulcanus og å halde ho i Bergen. Båten er formelt ikkje overtatt enno, men dei har kome så langt at Vulcanus Tubåtkomapni er skipa.

Dei har òg vore i kontakt med mange sponsorar og fått velsigning frå Riksantikvaren v/Erik Småland og stadfesting på at fartøyet er verneverdig. 

Eigne heimesider er også klare, du finn dei på vulcanus.no.  Atløys Venner ynskjer lukke til, og ser fram til å sjå dei i arbeid langs kysten!