Vurderer å kjøpe tomt

Publisert 1. desember 2001 under Nyhende

Atløys Venner vurderer no å kjøpe ei eit mål stor tomt inne på Kystmuseet sitt område. Kommunen har forkjøpsrett på denne tomta, men vil transportere denne til oss dersom vi ynskjer det. Selgar er familien Rishovd. Tomta er planert, og det står allereie eit eldre naust på der. Søndag 9/12 vil styret ha befaring på området.

På området vil det kunne settast opp eit høveleg bygg til verkstad og lager, og det vil enkelt kunne late seg gjere å bygge kai slik at Atløy kan legge til. Området er immidlertid veirhardt, så det kan ikkje vert noko permanent vinterlagringstad.

Atløys Venner har i lengre tid arbeidd for ei permanent løysing sentralt i Florø i samband med det nye torget og Hellesenbua. Desse planane er ikkje skrinlagt, men det ser ut til å trekke ut. Det eine utelukkar allikevel ikkje det andre, dvs kjøp av denne tomta. Finansiering har vi sjølve, gjennom sparekonto til landbase.