Atløys Venner

Ein aktiv gjeng Ein aktiv gjeng

Tidlig i 1995 såg mange, mellom anna Kystmuseèt, ein fare for at ein ikkje ville kunne halde M/S Atløy i Florø, då mange store vedlikehaldsoppgåver var nøydde til å løysast. Passasjersertifikatet var utgått p.g.a. påleggsliste frå skipskontrollen, og aktiviteten ombord var låg. Fleire viste interresse for å overta båten.

Med bakgrunn i dette var det det kalla inn til folkemøte i slutten av mars 1995, og ideen om ei ny venne- foreining vart lufta. Etter dette møtet vart Atløys Venner stifta 27.04.95. Foreininga har som formål å støtte drift og vedlikehald av M/S Atløy, og halde den i Florø. Dette skal skje i samarbeid med Andelslaget Atløy, og Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Seinare er det blitt meir og meir viktig å dele båten med heile Sogn og Fjordane, noko vi mellom anna klarer gjennom den årlege «Fjordaferda». Atløys Venner legg i dag ned omlag 15.000 timar i drift og vedlikehald, og båten er i betre stand enn nokon gong. Sidan logging av dugnad starta i 1997 er det lagt ned 170.000 timar (fram til 2014) og det er brukt 15 millioonar på vedlikehald og restaurering.

Meir stoff finnn du i menyen i høgresida.