Årsmøtet ferdig

Publisert 15. mars 2009 under Nyhende

champagneDå var årsmøtet for 2009 avhelde og ferdig. Møtet vart halde ombord, og dei viktigaste årsmøtesakene vart gjennomgått på ein liten time. Harald Stang kom frå Stongfjorden i eigen båt, og vart belønna med fast plass i styret, etter at Johannes Grøneng hadde bede om fritak. Etter dette vart det kaffi og kaker, og «drøsen gjekk om åndelege ting». Referat frå møtet finn du her og Årsmeldinga med oppsummering av drift, økonomi og dugnad her. Du finn dei og under fana Atløys Venner saman med dei tidlegare.