Atløy til Bergen

Publisert 18. august 2011 under Nyhende

Då er årets andre tur til Bergen i gang. Laurdag gjekk Ludvik og mannskap på sør, og vi blir i Bergen til 4 september i håp om å få inn litt pengar i kassen. Som vanleg er det Maritim Tours som operer det meste, og ein del turar er allereie på plass, og vi finn mellom anna lesartur for BT, Aker, Sjøforsvarstaben og eit par større rederi på kundelista.

Tid for kaffi vert det også, foto Arne LyngtunTid for kaffi vert det også, foto Arne Lyngtun

Likevel er det godt om plass desse fire vekene, men vi ligg klar med mannskap for alt som evt skulle dukke opp. Tid for kaffi o vafler vert det uansett, så er du i Bergen er det velkomment med besøk ombord!