Dar kjem dampen

Publisert 3. februar 2014 under Nyhende

Laurdag 22/2 kjem Sogn og Fjordane Teater med kabareten «Dar kjem dampen» til Florø, og Atløys Venner og Veteranbåtlaget Atløy inviterer dugnadsgjengen til gratis framsyning. Er det andre som vil være med kostar framsyninga 120,- for medlemmer av Atløys Venner. Påmelding til Sander på 900 51 867. Vi møtest om bord om lag klokka 1730,  – forestillinga startar i Samfunnshuset kl 1830. Ivar Medaas er sjølvsagt ikkje med, men på scena får vi mellom anna møte Olav Stedje.

Dar kjem dampen Dar kjem dampen

 

I denne kabareten følgjer vi den folkekjære visesongaren Ivar Medaas si reise frå fjøs til scene. Vi blir tekne tilbake til tida då kaia og krambua var viktige møteplassar for menneska i utkanten. Frodige karakterar og det typiske kystlynnet blir framstilt med respekt og kjærleik plassert i eit miljø og ein kultur som er i ferd med å forsvinne.

Ivar Medaas var odelsguten frå Alversund I Nordhordland som vart spelemann, visekunstnar og humorist. Gjennom samarbeidet med komponisten Geir Tveitt og diktaren Jakob Sande vart ikkje forma hans berre rekna som nyskapande, den vart sett på som legendarisk.