Fast dugnadskveld

Publisert 30. oktober 2013 under Nyhende

Atløy ligg no «med burka» klar for vinteren, og på årsmøtet vart det ytra ønske om fast dugndaskveld slik at det er lettare for nye som vil engasjere seg i båten å komme ombord og gjere ein jobb. Ein vart derfor einige om å møtast fast kvar måndag klokka 18:00.

Av ting som skal/bør gjerast utover vinteren er mellom anna skraping av  båtdekk og service på turbo. Noko rust finn vi sikkert også, sjølv om det etterkvart er mindre av det. Det skal dessutan steikast vafler og drikkast kaffi, sommaren skal mimrast og nue turar planleggast. For deg som ikkje er kjend ombord er dette rette dagen!