Fjordaferd til Nordfjord

Publisert 19. april 2011 under Nyhende

Etter uttalige oppfordringar frå medlemmar i Atløys Venner og kundar tek vi opp att tradisjonen med Fjordaferd til Nordfjord. Her vil vi forsøke å gjenskape  litt av gamle tiders liv på kaiene langs fjorden, og vi planlegg å besøke;

Kalvåg, Igland,Raudeberg, Flatraket, Barmen, Selje, Barmen, Silda, Osmundsvåg, Davik, Kjølsdalen, Ålfoten, Hestnesøyra, Sandane, Hennebygda, Utvik, Olden, Loen, Faleide, Innvik, Hopland, Torheim, Stårheim, Eid, Bryggja, Rugsund og Måløy.

fjordaferda3

Under land vil du kunne kjøpe salta brosme, tørrfisk, spekesild, klippfiak og anna av beste kvalitet. Formålet med turen er også å ta med seg nye mannskap på prøvetur. Har du lyst å bli mannskap ringer du til Ludvig på 958 76 096. Det vert ein god gjeng ombord, og meldingane er gode…..så dette vert kjekt.

Detaljert reiserute finn du ved å trykke på denne lenka; nordfjord. Det er høve for publikum å bli med på alle seglingar, og billettar vert seld ved avgang. Vi vil prøve å halde denne sida oppdatert ved endringar, men manglar båten, treff du kapteinen på brua på 911 15 501 eller samme mann i «lomma» på 958 76 096.