Fjordaferda oppdatering

Publisert 14. september 2009 under Nyhende

Etter oppmoding frå ein av dei gamle kapteinane på Atløy legg vi turen innom Fjærland. Faktisk startar vi opp der, og kjem nokre timar seinare til Balestrand og Leikanger enn det som først var planen.

Eit yrande liv på kaia når Fjordaferda er på besøk!Eit yrande liv på kaia når Fjordaferda er på besøk!

Med oss skal vi sjølvsagt ha fisk, frukt og grønnsaker av beste kvalitet frå fiskarar rundt Kalvåg og bønder i Sogn.

Laurdagen vert det marknad i Feios, og vi håper på full båt på turen vidare til Vik. Frå Vik fortsett vi til Arnafjorden, der 50 års jubileet til Wurlitzeren til Morten skal feirast med pubkveld.

Oppdatert seglingsrute finn ein her ; oppdatert seglingsplan.

Kopi av annonsen for turen finn du her, og kopi av brev som har gått ut til skular, grendalag, kommunar, kulturkontor og barnehagar  her. Vi er sjølvsagt glade for alle som kjem på besøk, og oppfordrar skular og barnehagar til å gje ei melding på førehand til telefon 900 51 867.