Fjordsteam 2013

Publisert 21. november 2011 under Nyhende

Arbeidet med planlegging av Fjordsteam 2013 er allereie i gang, så sett av helga 1 – 5 august allereie no.

Stemner på Vågen i Bergen vert alltid ein suksess, det er noko med miljøet og intimiteten. Komiteen består av folk frå alle fartøy i Fjordabåtane, og suksessen ein har hatt tidlegare med både Fjordsteam og Nordsteam har gjort at grunnfinansiering allereie er på plass mellom andre frå Bergen Kommune. Ein vil i 2013 starte allereie onsdagen, og halde på til mandags morgon.

Atløys Venner skal i alle fall ta seg av samseglinga nordfrå, der det vert samling i Skjerjehamn onsdags kveld. Vi skal også ta oss av heimesider.

Foreløpig program finn du her , men etterkvart finn du oppdateringar på www.fjordsteam.no