Flensburger Dampf Rundum

Publisert 31. januar 2011 under Nyhende

Vi har fått følgande invitasjon frå Torfinn Svedal i Rutehistorisk Forening Sogn og Fjordane;

Det vert jobba med å leggja opp for ein Veteranbusstur til arrangementet Flensburger Dampf Rundum 2011, som i år vert arrangert for 10. gong. I utgangspunktet er tanken å bruka Veteranbuss frå Sogn og Fjordane, men enno er dette noko usikkert om ein lukkast i. Det vert jobba med ein Veteranbuss frå Rogaland ogso. Vert det ikkje eigen veteranbuss frå Sogn og Fjordane, vil ein benytta Nor Way Buss Express frå fylket til Bergen.

s-1967-small

Tanken er å reisa ut med Fjord Line frå Bergen til Hirtshals, og køyra i hovudsak på gamle/eldre hovudvegar frå Hirtshal til Flensburg, kanskje med ei overnatting undervegs mellom Hirtshals og Flensburg. Det vert lagt opp til stopp under vegs, for besøk på aktuelle Musèum og attraksjonar, og nødvendige “ærend”/mat –og kaffi-økter.

Den gamle Nattruta mellom Sandnes/Stavanger-Bergen, M/S “Sandnes” har bekrefta at dei skal til dette arrangementet i Flensburg. Dei ha bekrefta at det er mulig å få lugarar/overnatting ombord. For dei som kjenner denne båten, veit dei at dette er ein fantastisk flott båt, som vart bygd i 1950. Den deltok ogso under Fjordsteam 2010 i Florø. Rogalandfolket reiser anten med Fjord Line frå Stavanger, eller Color Line frå Kristiansand, men frå S. og Fj. tek me sikte på å reisa ut med Fjord Line frå Bergen. S. og Fj.-folket sluttar seg til i Stavanger, eller Hirtshals, alt etter kva alternativ som vert valgt. Vert det ikkje eigen Veteranbuss frå S. og Fj., so fygjer me på med Rogaland-folket sin Veteranbuss frå Hirtshals. Aktuelle Veteranbussar som vert brukt, er sjølvsagt registrerte med forskring, EU-godkjenning osv i orden og godkjent.

032

I augneblinken vert det venta på prisar og ev. bekrefta plassreservasjon. Plassreservasjon avgjer reiseplanen. Poenget med akkurat denne henvendelsen her, er å senda ut ei foreløpig innvitasjon, for å “lukta på” interessa for turen til denne damptog –og dampbåt-festivalen i Flensburg 08.-10. juli,2011. Dette er eit stort arrangement, som vert arrangert anna kvart år. Av Norske dampbåtar som er påmelde der nede er D/S “Børøysund” (1908) frå Oslo, som ogso har delteke på Festivalen tidlegare. Me håpar at dette kan vera av interesse for medlemane til veterabåtane M/S “Atløy” og D/S “Stavenes”. Det vert kome tilbake med nødvendig informasjon straks alt ligg på bordet.

Meir om stemnet kan du lese her; Dampf Rundum 2011
 
Har du interesse for denne turen tar du kontakt med Torfinn Svedal på telefon 907 59 830 eller to-sve(a)online.no (bytt ut (A) med @).