Framdrift på D/S Stavenes

Publisert 15. oktober 2011 under Nyhende

isbryterbaugen-mRelativt lite har skjedd med «Stavenes» sidan Fjordsteam i Florø i 2010. No er ting på gang og Veteranskipslaget Stavenes har no brukbart med midlar tilgjengelig etter at mellom anna Sogn og Fjordane Fylke har brukt det meste av sine fartøyvernmidlar til nettopp DS Stavenes. Båten har det meste av historia si  i fylket, men høyrer no til i Bergen.  Alt ligg no til rette for vidare framgang.

Måndag 15. august gikk «Stavenes» opp på slippen i Dåfjorden. Laurdag 20. august var det tid for dugnad. Iherdig innsats i tidsrommet 09.30 til 18.30 fra Atle, Magne, Hallstein, Harald og Øyvin sparte laget for tusenvis av kroner, og ein fekk fjerna heile dørken i aktersalongen og båre på land. I tillegg vart ballastmasse fra maskinrom båre ut.

 

Fire veker på slippen i Dåfjorden, med fjerning av gamal ballast, fjerning av tankar og skott, og avsluttande sandblåsing og priming gjev synlege resultat. Utanpå priminga kjem det eit strøk med maling. 400 liter maling gjekk med.

Der det før var skit og rust er det no lyst som i eit kapell, og ikkje minst gjer denne behandlinga at skroget på innsida no er godt bevart for ettertida, slik det for nokre år sidan var gjort med utsida. Dåfjorden Slipp har stått for uttak av ballast og fjerning av stål, mens Fitjar Sandblåsing er innleigd til sandblåsing og malingsjobben.

maskinrom-b

Med stor spaning lurte gjengen på korleis tilstanden var på stålplatene frå 1904 bak betongen. Til stor glede er dei i forbausande god stand, og bekreftar at «Stavenes» var eit sers solid bygd skip då det vart sjøsett i Bergen i 1904. Det vidare arbeid går ut på å forbereda innsetjing av dampmaskin og kjel.

Fleire bilder frå dugnaden og maskinrommet etter sandblåsing og malilng finn du på Stavenes sine heimesider ved å trykke her!