Frivillige til Fjordsteam

Publisert 10. juni 2013 under Nyhende

Fjordsteam treng frivillige som kan være behjelpelig til å gjere Fjordsteam til ein suksess.

fjordsteam2013

Det er behov for betjening til billett og souvenirboden på Bryggen. Med mange til å dele vaktene vert det ikkje så lange vakter. I tillegg trengs det liasonoffiserer som skal vere kontaktledd mellom deltakande fartøy og Fjordsteam. Når båtane kjem skal informasjons- og festivalmateriell bringast ombord.  Elles skal fartøya greie seg sjølv, men skal kunne ringe liasonoffiseren dersom det dukkar opp spørsmål av eit eller anna slag. Kan ikkje liasonoffiseren svare på det, eller være behjelpelig med å løyse problemet, skal han bringe det vidare til Fjordsteam-komiteen. Ein kan godt være både liasonoffiser og stå i billettboden.

Belønninga til dei frivillige vert: Gratis tilgang til Festivalferga Skånevik, invitasjon og gratis deltaking på fjordtur med D/STORD 1 fredag 2. aug og gratis deltaking på festivalmiddag 3. august.

Frivillige melder tilbake til post(a)fjordsteam.no