Fylkeskommunale Fartøvernmidlar

Publisert 19. april 2011 under Nyhende

Hovudutvalet for kultur i fylket gjorde i møte 16. mars i år vedtak om å løyve kr. 100 000,- til fartøyvern for 2011. Dette vedtaket utløyse ein tilsvarande sum statlege midlar etter SAVOSmodellen.  Samla tilskot til fartøyvernet i fylket for 2011 vert då kr. 200 000.  A/L Atløy har sjølvsagt også søkt om midlar frå denne potten.

Hovudutval for kultur har i sak 0016/11, gjort slik fordeling av midlar ttl fartoyvern:

  • M/S Stangfjord (eigd av Askvoll kommune) kr 100 000
  • D/S “Stavenes” (eigd av Veteranskipslaget Stavenes) kr 100 000

Vi er sjølvsagt glade på dei andre laga sine vegne, men registrerer med undring at det desverre  heller ikkje i år vart midlar til M/S Atløy. Laget har god aktivitet med omlag 15.000 timar årleg dugnad, og kan vise til stabil innsats gjennom mange år i å ta vare på dette, for fylket, viktige kulturminnet. Vi klaga på tildelinga i 2010, men har enno ikkje fått svar.