Gladmelding

Publisert 12. februar 2013 under Nyhende

Etter at administrasjonen i Fylkekommunen innstilde kroner 0,- til MS Atløy også i år, tok leiar i komiteen, Nils Gjerland til ordre for å løyve 75.000,- til Atløy for inneværande år. Dette vil også medføre 75.000,- frå SAVOS. Gjerland fekk med sitt initiativ snudd komiteen, og pengane vart innvilga.

Vi er sjølvsagt glade for løyvinga, men lei oss for at det gjekk på bekostning av DS Stavenes, også ein gammal «fylkestravar» som dei siste åra har fått løyvingar.

Dei verna fartøya i Sogn og Fjordane fortel ei viktig historie og dokumenterer på ein levande måte utviklinga i fjordfylket. I fellesskap har dei verneverdige fartøya derfor tatt initiativet til eit møte der vi vil diskutere korleis ein kan få auka løyvingane frå fylket til fartøyvern. Møtet vert halde 26/2.