God jul og godt år!

Publisert 23. desember 2010 under Nyhende

ytre-grotle

Grotle i Bremanger ein desembermorgon

Dei siste vekene har det ikkje skjedd all verda ombord. Båten ligg framleis på vatn i Dåfjorden i påvente av at Ekar skal bli ferdig på slipp. Vurderinga er at vi held henne på vatnet så lenge råd, for å minske risikoen for frostskader osb. Båten er innpakka.

«Leif og kompisane» har vore ein tur på Hardanger Fartøyvernsenter mellom anna for kurs i vedlikehaldsplanlegging og logging av dette. Mellom anna var det bidrag frå Danmark, Skipskonttrollen og Riksantikvaren. Riksanntikvaren v/Erik Småland har også vore ombord ppå «inspeksjon», og var svært godt nøgd med det han såg. Særleg la dei merke til opplagspresenninga vår, og fekk ei orientering om alt det sparte oss av arbeid.

2010 har vore eit fantastisk år for M/S Atløy. Det beste driftåret nokon gong, Kulturpris på 17. mai frå Flora Kommune, og ikkje minst suksessen med Fjordsteam. Vi ser derfor ingen grunn til ikkje å ta juleferie med godt samvit!!

God jul og godt nytt år!!