Gode nyhende frå Hordaland

Publisert 14. desember 2012 under Nyhende

Hordaland Fylke har bevilga 300 000.- til Fjordsteam. Samstundes er bevilgninga til fartøyvern gjennom SAVOS – ordninga dobla til 880 000.-. Med tilsvarande frå Riksantikvaren vert det over 1, 7 mill.  12.12.12 – ein god dag for fartøyvernet i Hordaland.

I Sogn og Fjordane ser det ikkje like lyst ut. i 2008 vart det bevilga 325.000 til fartøvern frå fylket, og med dobling frå SAVOS vart det totalt 650.000. Dei siste åra er det bevilga 100.000,-, dvs tilsaman 200.000,- dei åra ein hugsar fristen til SAVOS. I 2012 fekk dei som hadde fått løyving frå fylket (Stavenes og Stangfjord) halvert den stadfesta løyvinga nettopp av denne grunn, slik at totalen vart 100.000,-.

Vi håper sjølvsagt dette kan bli betre.