HardangerCruise

Publisert 20. februar 2013 under Nyhende

MS Atløy vil i perioden 10. juli til og med 26. juli gå Sørfjorden inst  Hardangerfjorden frå Lofthus til Odda med retur. Avgang 1015, i korrespondanse med hurtigbåt frå Norheimsund, tilbake 1600  som også korresponderer. Første stopp er Aga med Agatuner frå 1200 talet, der ein mellom anna kan sjå utstillingar og film. Etter ein times stopp er det Norsk Vasskraft og Industristad Mueseum i Tyssedal som står på programmet. Stopp på ein og ein halv time, der ein også kan lege inn ein lunsj på det ærverdige hotellet. Frå Tyssedal ber det til Odda for ein kort strekk, før turen går tilbake til Lofthus.

lofthus

Frå 5. august og til og med 25. august vert GMS Granvin å finne på Samlafjorden. Turen startar i Norheimsund kl 0930, og ein går over fjorden til Herand via Øystese. Deretter tilbake over fjorden til Steinstø og inn Fyksesundet med hardingfelekonsert i botnen av den trolske fjorden. Siste stopp er Hardanger Fartrøyvernsenter før retur til Norheimsund.

Billettar kan kjøpast på nett på www.fjordtours.no, eller på Turistinformasjonane i Norheimsund og Lofthus. Vert det billettar igjken kan desse kjøpast på landgangen før avgang.

 Alle prisar og tider på denne lenka