D/S Hestmanden 100

Publisert 10. oktober 2011 under Nyhende

Den 23. september 2011 feira Hestmanden 100 år. Same dag vart det nyrestaurerte skipet tatt ut av dokk på Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand, der båten har vore svært mykje lenger enn planlagt (19 år). Motor er ikkje restaurert, det ville bli for dyrt.  Totalt er det brukt 73,5 millionar på restaurering av det gamle skipet, det meste er gått til Bredalsholmen.

 hestmandenfotobredalsholmendokkogfartyvernsenter

Hestmanden er i dag det einaste flytande skip frå Nortraship sin flåte på over 1000 skip og dermed eit av våre viktigaste maritime kulturminner.

Hestmanden er viktig og unik av mange årsaker. Som museumsskip og minnesmerke over krigsseilernes innsats gjennom to verdenskriger vil Hestmanden bli en viktig formidler av vår krigshistorie til stadig nye generasjoner, seier riksantikvar Jørn Holme.

Fredag 23. september var det nøyaktig 100 år sidan D/S Hestmanden vart sjøsatt. Skipet vart opprinnelig bygd ved Laxevaags Maskin- & Jernskibsbyggeri i Bergen. Skipet har vore ein trufast slitar i norsk kystfraktefart, aktør i fleire hevings- og bergingsprosjekt og ikkje minst fraktemann gjennom to verdskriger. Dei siste 45 åra har Hestmanden anten vore i opplag eller under restaurering. Skipet er i dag eid av Stiftelsen Hestmanden.