Ingen løyvingar

Publisert 18. mars 2012 under Nyhende

Kulturkomiteen i fylket hadde møte onsdag, og heller ikkje i år ser det ut til at politikarane i Sogn og Fjordane finn å kunne støtte det viktige arbeidet med å ta vare på og restaurere M/S Atløy. At det ikkje ein gang finnast ein plan for dette arbeidet viser også kor stor vekt fylket legg på fartøyvern. Det vart berre løyvd 100.000,- frå fylket, og desse midlane (pluss det same frå SAVOS potten) vart delt mellom DS Stavenes og MS Stangfjord med 100.000,- på kvar. Ingen av fartya med tilknytning til Kystmuseet fekk løyvingar. Referat frå møte kan ein lese på denne lenka. Svært skuffande for oss, og les ein referatet kan ein jo undre seg kvifor ein legg såpass lite vekt på å ta vare på denne viktige delen av historia i fjordfylket.

Heller ikkje frå Riksantikvaren ser det ut til å bli midlar, og det kan bety at det vidare arbeidet med restaurering av skroget kan stoppe opp. Ingenting er offisiellt, men det ser ut til at den einaste båten med tilknytning til fylket som får midlar er DS Stavenes med 500.000,-, dvs ei halvering frå 2010 og 2011. Det ser ut til at mykje midlar no vert konsetrert rundt fartøya på Bredalsholmen. Hestmanden er ferdig og har kosta omlag 100 millionar, DS Kysten og SY Svanen er «på tur».