Julebord på M/S Lofoten

Publisert 7. oktober 2016 under Nyhende

  mat

3. desember kl. 20:30 skal vi saman med Veteranskipslaget Fjordabåten (GRANVIN og STORD) halde julebord for mannskap ombord i M/S LOFOTEN.

Prisen er kr. 545.- som er kr. 200.- i avslag. For faste mannskap vil vi som vanleg spandere. Vi reiser ned på morgonen med ekspressen, og følger LOFOTEN nordover etter/under julebordet. Avgang frå Bergen er utsett til 00:30, og fleire av mannskapa frå Bergen vert også med nordover.

Påmelding innan 21/10 til leiar(a)atloy.no eller på 900 51 867.