Klart for Fjordaferd

Publisert 5. september 2011 under Nyhende

Då er det endeleg klart for Fjordaferd igjen. Etter litt fram og tilbake ser ruta i grove trekk slik ut;

jente-med-prestekrage

Opplasting av fisk og fiskeprodukt frå kysten (Florø, Kalvåg, Måløy og Selje) 15 – 16 september, før turen går til Feios og marknad der laurdag 17. september. På ettermiddagen vert det lagt opp til fellestur, der alle som vil kan delta. Søndagen går turen over fjorden til Balestrand og Fjæærløand, før vi fortsett innover fjorden. Laurdag 24 deltek vi på Strandsitjardagane i Solvorn, mandag 26 vert det lasting av eple og potet i Lærdal før vi går til Vik og Arnafjorden. På resten vil vi selge frukt og grønnsaker på kysten.

Vi vil ha utval omlag som vanleg, dvs spekesild, klippfisk, lettsalta brosme, potet, eple, kålrabi, gulrot og anna. Totalt brukar vi å ha med oss omlag 20 tonn varer av prima kvalitet….til fornuftige prisar.

Den endeleg ruta vert lagt ut i løpet av nokre dagar.  Skal du ha mykje er det lurt bestille hos Ludvig (958 76 096) på førehand. Er det  stopp som ikkje er med, kan vi gjerne legge dette inn i ruta dersom det er gode grunnar til det, og vi får det til å passe inn i planen.