Kobbeskjærskveld

Publisert 6. august 2018 under Nyhende

Du skal ikkje gløyme kvelden, augustikvelden du veit (Frå diktet Då Gud held fest i Fjaler, dagsett 10. august 1954)
Før festframsyninga med dei tre tylane i auditoriet, startar festen ute på fjorden, ved Kobbeskjeret!

Kl 18.30 går båtane MS Atløy, Bakkejekta og andre båtar som kjem til og vil vere med i konvoien, frå båthuset på UWC til Kobbeskjeret, med allsong av Jakob Sande-viser til musikk av Jan A. Haugen og Andreas Ramstad. Songhefte til utlån og sal kr 100,-


Billettar 

Båtbillett kr 200,- Billettar/ billettsjekk utanfor Høegsenteret og på ticketco.no

Svolten?
Sal av tylepizza, kobbekjerskake og-kaffi og brus frå bakehuset på UWC kl 18.00 – 20.15. Du kan rekke det før båtane går; bakehuset ligg rett opp bakken ved båthuset eller ta deg mat når du kjem tilbake frå båtturen