Litt nytt

Publisert 20. januar 2012 under Nyhende

A/L Atløy, som eig M/S Atløy har hatt årets første styremøte i kveld. Eit bra møte, der det også møtte folk frå Atløys Venner. Oppsummert (ikkje referat);

Skrogarbeidet i Dåfjorden går etter planen, og det ser ut til at det, inkludert hekken, vil bli skifta om lag 17 kvm stål, omlag dobbelt så mykje som i fjor. 4 spant er også skifta på på BB sida, 3 på SB sida. Alle aktuelle kneplater er skifta. Frå hekken og omlag 2 meter inn i lasterommet er skroget no 100%. Truleg vil båten gå på sjøen, ferdig slippa stellt innan utgangen av månaden. Eit arbeidslag reiser til Dåfjorden onsdag i neste veke for å innstallere hjelpemotor og andre komponentar som er tatt ut for å komme til. Dette arbeidet er rekna til omlag 3 veker, så ber det heimover. Før sjøsetting vil Erik Småland og Sverre Nordmo frå Riksantikvaren ta turen og sjekke arbeidet. Vi forventar at arbeidet som er gjort dei siste par månadane på verkstad vil komme på 800 – 900.000 kroner. I tillegg kjem ein stor dugnadsinnsats med klargjering, riving og oppattbygging.

Skal vi halde båten sertifisert og i inntektsgjevande drift er neste punkt i restaureringa å ta øverste plategang på BB side og framskipet. Også under ventilane, over vannlinja, er det felt som må skiftast. Riksantikvaren krev og at spant som vart skifta på 80-talet vert skifta og bygd opp att etter «gamal metode», utan sveis. Dette vert eit omfattande arbeid, mellom anna må nok 4-mannslugaren og delar av garneringa i skutesida i salongen rivast…og byggast opp igjen. Vi forventar at arbeidet som står att med skroget vil kunne gjerast dei neste to åra og komme på omlag 2 mill NOK. Arbeidet med å få finansiert dette er sjølvsagt i gang. Vi håper å halde fram arbeidet til hausten, når sesongen er over.

Fartøyvernavdelinga hos Riksantikvaren er godt oppdatert om båten og restaureringsplanane framover, og vi er i god dialog også med Sjøfartsdirektoratet. Søknad til Sogn og Fjordane Fylkeskommune (og dermed også SAVOS) og Riksantikvaren for til saman 1,4 millionar er sendt innan fristane. Vi håper å få ei s.k. 2 års-løyving frå Riksantikvaren slik at vi kan ha litt langsiktigheit i restaureringa. Før vi får avklaring, venteleg i april, vert andelslaget nøydde til å låne omlag 300.000,-.

Rammene for sommarsesongen held på å falle på plass, og også i år er vi nøydde til å sikre inntekter frå Bergensmarknaden. Foreløpig har vi følgande plan for «utaniksfart»;

  • 1. mai oppstart
  • Veke 22 – 25 Bergen
  • Veke 29 i Bergen for daglege havneturar
  • Veke 32 Fjordsteam i Stavanger
  • Veke 33 og 34 i Bergen
  • Veke 35 oljemesse i Stavanger
  • Veke 36 og 37 i Bergen

Etter dette vert det årets høgdepunkt med ny Fjordaferd på Sogn. Dato for dette vert avklara med potet- og eplebønder i Sogn og grendalag innover fjorden. Vi har også høve til å ta korte hamneturar i Bergen alle kvardagar i  juli, men dette må avklarast.

Ludvig Grytten fører streng kontroll med dugnadstimar ombord. For 2011 er talet kome opp i omlag 9.700 timar. I tillegg vil det komme ein del på møter, reise osv, så totalen hamnar nok rett over 10.000 timar.

Styret ser med uro på stadig strengare krav til fartstid for mannskap, og forventar ei skjerping i samband med innføring av nye ISM-krav. Sjøfartsdirektoratet har snakka om dette i 2 år, men innføringa er stadig utsett. Det er no snakk om høyring og avklaring innan juli, men dette er usikkert. Når dei nye krava evt vert innført vil vi truleg berre kunne gjere oss nytte av profesjonelle sjøfolk med nok fartstid. Sjølv om våre frivillige mannskap har alle naudsynte kurs og sertifikat vil det verte vanskeleg å få nok fartstid kun basert på dugnad på MS Atløy, – det vert naudsynt å ha eit abrbeid ombord på fartøy i regulær drift for å få nok timar. M/S Atløy er ein etter forholda liten båt, med krav om tryggleiksbemmaning på 3, sjølv vi oftast er 4. Mange veteranfartøy har langt strengare krav til bemanning, og det vert spennande om alle klarer å halde fram utan grunleggande endring i drifta, ved t.d. sal og/eller meir profesjonell drift. Også på landsida vil det verte strengare krav, med døgnbemanna vakt, oppdaterte passasjerlister o.s.v.

UNI-stiftinga har løyvd oss ein god slump pengar som skal brukast på tryggleiksarbeid, t.d. brannsikring, overlevingsdrakter, kurs og materiell. Delar av midlane vil bli brukt til eit omfattande førstehjelpskurs i starten av mai for mannskap, der vi mellom anna skal lære oss å bruke den nyinnkjøpte hjartestararen (av fleire sett på som frynsegode for mannskap…..)

Som kjent har vi ikkje lenger fast kaiplass på Kolkaia, då eigar av nabokaia (den korte kaia mellom Meierikaia og Kolkaia) ønsker å leige denne ut. Med Atløy til kai vart tilkomsten til hans kai vanskeleg. På grunn av lite djupne er denne vanskelig å bruke og kaia enno ikkje utleigd. Vi lyt likevel finne oss ny plass. Sidan nordsida av Amtskaia har vore lite brukt, foreslo vi denne, både fordi det er historisk rett og fordi vi då vert naboar med SJ Svanhild. Desverre har fiskarlaget gått sterkt mot dette, og sidan vi sende søknad om plassen har det vore fiskefartøy på denne plassen nesten dagleg…..sjølv om dei nye kaiene som er lagt ut for sjarkflåten ligg tomme, med straum, vatn og alt som høyrer til. Det ser likevel lyst ut, – både ordførar og hamnesjef er svært positive, og har lova ei løysing. Om det vert nordsida av Amtskaia er likevel lite truleg.

28/3 vert det årsmøte i AL, der mellom anna rekneskap og årsmelding vert lagt fram av styret. Saker kan meldast Sølve Brændø (905 85 572). Innkalling kjem seinare.