Midlar til Stavenes

Publisert 25. mai 2011 under Nyhende

norsk_kulturminnefond1Norsk Kulturminnefond løyvde 27. april kr. 395 000.- til restaureringa av D/S «Stavenes». Dette er summen det vart søkt om, og som skal gå til førebuingar og tilpassingar for innsetjing av dampmaskin og kjel.

Då «Stavenes» ligg ved Dåfjorden Slipp i Fitjar, er tildelinga (denne gangen) ført opp under Hordaland fylke. Kun dampskipet «Stord 1» fekk ved denne tildelingrunden meir midlar – kr. 500 000.-.

Riksantikvaren har tidlegare løyvd kr. 1 million, og DS Stavenes fekk halvparten av dei fylkekommunale kulturmidlane frå Sogn og Fjordane i år. Tildelingane viser at dei offentlege kulturmyndigheitene ser på Stavenses som eit viktig flytande kulturminne, og at restaureringa føregår etter antikvariske prinsipp.