Mot vinter

Publisert 14. oktober 2011 under Nyhende

I går var det ein vakker dag i Florø (som vanleg er), og i strålande haustvær vart siste rest av preseninga lagt på. Preseninga ha i år fått innsveisa vindauge frå brua, slik at det vert litt meir trivelig på brua under opplag.

Planen vidare er å gå til Dåfjorden kommande måndag  via Bergen. I Dåfjorden skal det skiftast stål i plategang B, C og D på styrbord side. Før den tid skal mellom anna vinsjemotor takast vekk for å komme til. Dette skjer på dugnad. Om tid og pengar strek til, noko som ikkje er truleg, startar vi heilt framme under ankerklysset, der det også skal skiftast ein del stål.

Preseninga komen på, 13/10Preseninga komen på, 13/10 Ludvig G kikkar ut frå styrehustaketLudvig G kikkar ut frå styrehustaket Leifen i siget på båtdekkLeifen i siget på båtdekk

 

Arbeid på styrehustaketArbeid på styrehustaket