M/S Granvin freda

Publisert 27. oktober 2011 under Nyhende

I ei pressemelding i dag melder Riksantikvaren at vår gode «venn» og søsterskip frå HSD gjennom «alle» år er freda;

«Med fredinga av M/S Granvin vert ein viktig representant for Noregs maritime kulturarv teke vare på. Skipet er eit av særs få attverande bilferjer i Noreg frå tida då bilferdsla og utbygginga av eit moderne vegsystem enno var i emning, seier riksantikvar Jørn Holme.»

M/S Granvin vart bygd på Mjellem&Karlsen i Bergen i 1931, og vart bygd for passasjer- og biltrafikk i det viktige riksvegsambandet mellom aust- og vestlandet gjennom indre Hardanger, og er derfor også ein av våre eldste riksvegferjer. Skipet kunne frakte 150 passasjerar og tre bilar på dekk. M/S Granvin vart erstatta av eit større skip alt i 1938, men heldt fram med lokalruter i indre Hardanger heilt framm til 1987 for HSD.

marita-arekol

Året etter tok Veteranskipslaget Fjordabåten over skipet. Les pressemeldinga frå Riksantikvaren ved å trykke på denne lenka.